Vi utviklar

prosjekt .

Vi utviklar og gjennomfører prosjekt for skips- og verftsindustrien – frå idé, planlegging og engineering til produksjon, montering og ferdig testa utstyr. Med solid fagkompetanse og praktisk erfaring leverer vi robuste løysingar tilpassa krevjande maritime forhold.

Kompetanse
forma av havet

Westmek produserer utstyr for fiskehandtering om bord på havgåande fartøy og monterer rustfritt stål, syrefast stål og aluminium på Nordvestlandet. Selskapet utfører oppdrag for ulike fartøy, mellom anna klassearbeid i samarbeid med Det Norske Veritas, Bureau Veritas og Sjøfartsdirektoratet, og leverer tenester til landbasert industri og oppdrettsnæringa i regionen.

Lokalt forankra.
Bygd for havet.

På Stadlandet har Westmek AS sidan 2004 produsert kvalitetsutstyr for fiskehandtering om bord på havgåande fartøy, som ei vidareføring av verksemda som starta på midten av 1990-talet. Selskapet vart seinare eit heileigd dotterselskap av Nordic Marine AS og tok over vedlikehaldet av fartøya i Ervik-gruppa. Fram til 2008 heldt verksemda til på Otneimneset, før ho flytta til Borgundvågen på Stadlandet med eige verkstad, kontor og lager. Her, mellom Måløy og Ålesund, har selskapet god tilgang til kaianlegg. I 2012 kjøpte nøkkelpersonell seg inn i selskapet.